Type at least 1 character to search

Slaveliv

Konstantin Küspert

299 kr

Skodespelet Slaveliv tek publikum med på fleire ulike tankeeksperiment for å snu på vande førestillingar, ofte ved hjelp av små, enkle og provoserande grep. Det minner om ein slags heseblesande montasje der vi skal gjennom mange uttrykk og sjangrar. Slaveliv er ein kabaret over forbrukarsamfunnets blindsoner. Klede, elektronikk, matvarer, skjønnheitsprodukt, store idrettsarrangement – heile den vestlege levestandarden er fundert på at nokon gjer ein jobb under forhold vi aldri kunne finne på å akseptere. Vi veit at det finst, men vi vel alle aktivt å fortrengje den uretten som ikkje rammar oss sjølve. Slaveliv er eit slags brechtiansk lærestykke på speed. Küspert tek opp temaet gjennom ulike scenario som set grunnlaget for livsførselen vår i eit grelt lys. Men slapp av! Det blir gjort med humor.

 

Konstantin Küspert (f. 1982) er ein tysk forfattar, omsetjar og dramaturg. Han arbeider i dag ved teateret Schauspiel Frankfurt. Han studerte germanistikk, politikk og filosofi ved universiteta i Wien og Regensburg og sceneskriving ved Universität der Künste i Berlin. Han har skrive stykke om politiske temaer som nynazisme og moderne slaveri.

 

Omsett av Astrid Sverresdotter Dypvik.

 

Heftet

Utgivelsesår: 2023

71 sider

  1. utgave

Nynorsk

ISBN: 9788269190984

 

Kategori:
a

Create a cutting-edge online store in no time. It’s incredibly easy with Elson.

Contact us
Follow us